Eg kan alt… 22 september, 2008
Posted by kaleb06 in Uncategorized.add a comment
Søndag var eg på kraftgjengen, det var kjempe gøy! Eg styrte lyden saman med Christian.
Eg sang for mange av ungane kom, men eg sang og på barnemøte
Eg var og med oppe og registrete, men det varte ikkje så lenge det vart litt kjedeleg, likar ikkje å sitja for mykje i ro utan og gjera noko
Så var eg med oppe og sang ut og gå, eg var vanvittigt gode på bevegelsane. Etter det sprang eg i super fart ned
Nede var eg med Siv og hadde andakten, eg lærte at eg ikkje treng perler for å vara kule, at Gud har skapt meg unik for akkurat den eg er fordi han har elska meg med evig kjærlighet!
Etter Kraftgjengen tok eg det litt roligare enn vanleg, eg blei litt utkjørt av å gjera alt, men det var kjempegøy! Å eg Kaleb kan alt appelsin godt! Er der forresten nokon som har ein appelin? eg vart litt svolten
Ha ei velsigna veka, appelsin blessings frå Kaleb
Søndag 21 september.. 9 september, 2008
Posted by kaleb06 in Uncategorized.add a comment
Søndag 21 september kjem eg på Kraftgjengen og eg er kjempeklar det kribler allerede
Håpar på å sjå deg der
-appelsin klemmar frå Kaleb
Vårens siste minneord;) 17 juni, 2008
Posted by kaleb06 in Uncategorized.add a comment
På søndag fekk me ikkje noko minneord, men der var eit, ta det med deg i sommar. Det er:
Husk at du er UNIK fordi Gud skapte deg og Han gjør aldri feil!!
Promiseland dag på skulen;) 26 mai, 2008
Posted by kaleb06 in Uncategorized.add a comment
Eg tok med meg min gode venn Sondre og drog opp på skulen fredag 23. mai, å der var det mykje aktivitet 4 av leiarane i kraftgjengen var igong med å pynta til lordagen. Det blei verkeleg fint:) 
Dei kan verkeleg pynta desse leiarane og songen Ut og gå fekk ein ny drakt! Nå med hender og føtter og nokre duer;) Berre sjå:
Slik såg det ut etter at dei var ferdige med salen:)
Rundt forbi andre stader var det og ulike ting:
Eg trur at Kraftgjengen etter dette kjem til å verta mykje gøyare etter å ha sett kva leiarane har brukt lordagen på! Dei var alle med å song songar med beveglese og eg måtte nesten le litt, men ikkje sei det til nokon av dei:D Men dei var kjempeflinke;)
Klem frå Kaleb med hjelp frå Sondre:)
Bursdagsfest 30 mars, 2008
Posted by kaleb06 in Uncategorized.add a comment
Utan at Laila viste noko som helst kom eg inn i selskapet hennar, å på scenen måtte ho, for eg står ikkje aleina der! Eg hadde fått litt hjelp av mange i kyrkjelyden for å sei mykje fint om ho. Eg trur ho vart litt overraska av at eg var der, men eg klarte ikkje halda ut heile kvelden;)
Så nå har eg gratulert ein super barneleiar med 40 års dagen;) Og oppfordrar alle andre og til å gjera det! (Ho har bursdag i dag 30. mars)
Hei:) 27 mars, 2008
Posted by kaleb06 in Uncategorized.2 comments
Heisann alle samen, eg Kaleb er nå på nett. Eg får litt hjelp til å skriva. Meir vil koma, men er det nokon av dykk som hugsar kva korset stod for? Det som eg og Laila snakka om på søndag (23/3-08)?
Mange appelsin klemmar frå Kaleb:)









